VI TILBYR

Skårhaug Taktekk løyser alle typer oppgåver innan asfalt, takbelegg, PVC-folie og membranar. Det vere seg nytekking, omtekking, lekkasjesøk eller takettersyn. I samband med omtekking kan også etterisolering vere ei lønsam investering.

Kontakt oss gjerne for eit uforpliktande tilbod. Informasjon om dei fleste produkta vi nyttar finn du på Takringen sine nettsider.

Bedrifta er oppteken av å levere prosjekta til avtalt tid, utan feil og utan skade, og til avtalt pris.

Vi jobbar målretta for å ivareta tryggleiken på våre byggeplassar, og brukar aktivt kvalitetssystemet for å sikre våre kundar tette tak i mange år.